Viser arkivet for stikkord mat

Billigare mat

Knapt noe land har så rimeleg mat som Norge – i forhold til inntekt. Likevel ser eg på TV-nyhetene at prisen på mat har gått ned samanlikna med matvareprisen på mars i fjor. Dette fortel oss at REMA, Coop og Norgesgruppen må ha ein høg avanse å gå på – dei må ha romslege marginer på tross av alt snakket om beinhard konkurranse. For prisen til bonden har vel ikkje gått ned sidan mars i fjor? Eller har den det, Einar? Akkurat som i fjor skremmer matvarebransjen no med prishopp på matvarer som følgje av dei foreståande jordbruksforhandlingane. Det har blitt eit årvisst fenomen at matvarebaronane skremmer det norske folk med jordbruksoppgjeret. Og det skjer lenge før dei veit korleis resultatet av jordbruksforhandlingane blir. Altså bevisst skremselspropaganda for å svekke bondens stilling i folkeopinionen.

Import av all mat?

Norges bondelag har rekna på dei økonomiske effektane av Frp sin uttalte landbrukspolitikk, henta frå artikkel i Bondebladet. Importvernet skal jo bort hos Frp. Og dei statlege tilskotta skal reduserast med 6,6 milliardar kroner. All markedsregulering og produksjonsbegrensing skal bort. I sin politikk legg Frp til grunn eit kraftig prisfall til bonden på 1,50 pr liter mjølk, 15 kroner pr. kg storfekjøtt og 10 kroner pr. kilo svinekjøtt. Om vi hentar eksempel frå referansebruk, ser vi at eit bruk med 22 årskyr og storfeslakt vil få si inntekt redusert med 503 400 kroner pr. årsverk med Frp sin landbrukspolitikk. Eit bruk med 140 vinterfora sauer vil få ei redusert inntekt med 204 400 kroner pr. årsverk. Eit gardsbruk i Nord-Norge med 20 årskyr og storfeslakt, vil tape 314 500 kroner med Frp-politikk slik den er presentert i programforslag, alternativt Statsbudsjett og komitéinnstillingar i Stortinget. Dette er dramatikk på høgt plan. Dersom norsk landbruk skal bort, og all vår matforsyning skal baserast på import, er det som Lotto å rekne. Kan vi vere trygg på at det til evig tid er nok mat tilgjengeleg på verdsmarknaden? Det er langt meir sikkert for alle her i landet at vi held fram med å pordusere mat, sjølv om det kostar nokre kroner. Er det verkeleg så mykje meir vilktig å bruke inntekta vår til luksus og sydentur enn å bruke den på mat?

Ny studie av genmodifisert mat viser overraskende giftvirkning

I to år har franske forskere studert mulig giftvirkning av genmodifisert mais på 200 rotter. Resultat: «En massedød blant rottene som jeg ikke hadde kunnet forestille meg», sier professor i molekylærbiologi, Gilles-Éric Séralini, som har ledet forsøkene til tidsskriftet le Nouvel Observateur.

Studien ble presenter i det amerikanske fagtidsskriftet Food and Chemical Toxicology 19. september, og viser bl.a. en overhyppighet av svulster på 2 – 5 ganger kontrollgruppen blant rottene som av fått genmodifisert mais sprøytet med det kjente ugressmiddelet Roundup fra Monsanto. Hos hun-rotter ble det målt svulster på opp til 25% av levende vekt i brystene, og hos han-rotter særlig svulster i lever og nyrer. Svulstene opptrer også i langt lavere alder hos rottene fôret med gm-mais enn hos rotter som har fått ikke genmodifisert mais.

Séralini presenterer undersøkelsen for et større publikum med boka «Tous des cobays» (Vi er alle prøvekaniner) i slutten av måneden.

Kilde: http://tempsreel.nouvelobs.com/ogm-le-scandale/20120918.OBS2686/exclusif-oui-les-ogm-sont-des-poisons.html

Ole-Jacob Christensen, www.smabrukarlaget.no

Ole-Jacob Christensen er bonde og medlem i Internasjonalt utvalg, Norsk Bonde- og Småbrukarlag

I min have gror kulturlandskapet

Mye man tenker på når jeg går her mellom buskene som har vokst de siste 20 åra jeg har vært bonde, kulturlandskapet gror igjen tenker jeg, kyrne klarer ikke å holde det nede. Er det så galt at det vokser? “En træløs ø utenfor Bodø” stod det i et gammelt leksikon om Straumøya, det har forandret seg. Når folk tenker kulturlandskap tenker mange museum, hesjer og setervoller, kulturlandskap er også rundballer på et jorde.

Regnet høljer ned og det er kuling fra sydvest, kyrne søker livd i mellom trærne, så er trær til nytte likevel. Krattskogen gir også brensel, når jeg tynner. Tynner slik at kyrne kan beite der og samtidig ha ly for vær og vind. Noen har satt navn på det og kalt det beitehaver, hvis jeg ikke hadde dyr ville jeg aldri tynnet på denne måten, da ville jeg først og fremst tatt hensyn til å få optimal tilvekst på skogen.

Hr. Bilden og flere mener jeg skal få penger for å ta vare på kulturlandskapet og kutte ut produksjonen av kjøtt og melk, for da er jeg solidarisk med fattige bønder i sør. Åpner vi for mer eksport blir det mer velstand for fattige i eks Afrika, er ikke sikker på at det stemmer.

De fattige må betale, slik har det alltid vært, husker jeg en gammel og politisk interessert nabo pleide å si. Ser ut som verden ikke har forandret seg, fra slaveplantasjer til landran, mange småbønder blir fratatt jorda si og blir enda fattigere, men overskuddet havner i et annet land. Investeringer må gjøres slik at det kommer lokale bønder til gode og at lokale ressurser blir utnyttet på en bærekraftig måte.

Bønder i u-land sliter med blant annet krav til mattrygghet, de har ofte problemer med å produsere til landes befolkning. Tradisjonelle produksjonsmetoder i u-land imøtekommer ikke nye og strengere reguleringer på produksjon og omsetning. Hvor er det importen kommer fra?

Den kommer fra selskaper som har plantasjer i flere land og driver monokultivering. Monokulturer fortrenger ofte urbefolkning og småbønder, fattigdom for lokalbefolkning, ikke bærekraftig økologiske konsekvenser for flora og faunamangfoldet. Jeg mener dette ikke har noen fremtid, produksjonen må foregå med lokalkunnskap og variert produksjon tilpasset lokale forhold.

Tilbake til en forblåst plass på ei øy i Nordland, hvilken forskjell ville det ha gjort om jeg la ned. Tviler på at jeg hadde fått penger for å tynne krattskogen, det ville ikke gitt noen mening. Dyrkamarka ville da ikke være med å fø noen, unntatt elg og rådyr.

17.mai-talen på Viksdalen 2010: Ja til vestlandsk landbruk og rein mat!!

Kjære sambygdinger. Gratulerer med dagen.

Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Særlig synest eg det er kjekt fordi eg er halvt viksdøling. Dessuten anser eg Viksdalen som ein av dei flottaste plassane eg veit om.

I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her på dalen sterk. Gaula som kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. Viksdalsvatnet som eg mang ein gong har speida utover frå altanen til tante Turid og onkel Arthur ligg blikk stille.

Eg veit bøndene her på Viksdalen driv godt. Her er ein flinke til å hogge tre langs vatnet, du føler deg så mykje friare, når du har ei vassflate å kvile augene på. Du ser alle endene som ligg og søm som små ubåtar. Her er rikt fugleliv. Her er tjelden og storspova og mange andre ubåtdyr.

Men her finst også andre dyr, eller udyr.

From Dag og Tid reportasjebilder

I 2008 var eg her for å lage ein reportasje for avisa Dag og Tid om bjørnen som hadde slått til i saueflokken på Hetle. Viksdalen i all sin dramatikk, stupbratte lier og ville fjell møtte meg, natta låg som eit dunkelt teppe over kyrne langs vegen der eg snirkla meg oppover vegen til Gaularfjellet midt på natta for å hente magien ut av lufta, ned på papiret. Her oppe i liene har folk i fleire hundre år jaga bamsen. Det har ikkje vore spøk.

Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier om menneske og møtet med naturen.

Det var lett å forestille seg det siste bjørnejaget i Gaular som fann stad hausten 1884.

Bjørnen vart oppdaga i Haukedalen og jaga over til Eldalsdalen, men då jegeren Johan Mjellsholtane kom rett på bamsen, svikta motet. Trass i fleire skot, kulene trefte oppover bergufsene så snøspruten stod høgt til vers, kom bjørnen seg over til Sogn der den vart felt like før helgemesse same året.

Ei anna bjørnesoge, soga om den siste slagbjørnen, fortel at det vart felt tre bjørnar på Høyangerbeita oppå fjellet, to ungar og ei binne. Dei tre skrottane vart sende til Bergen der alt kjøtet gjekk til gode prisar. Ikkje fordi bergensarane syns at kjøtet smakte så godt, men fordi dei kunne skryte av «at i dag har vi hatt bjørnekjøt til middag».

Kjøpmannen på Dreggen sende bod til Sunnfjord om at vikdsdølingane måtte sjå til å skyte meir bjørn. Bergensarane var interesserte i å kjøpe. Historia er ikkje datofesta, men er antakeleg frå 1880-åra.

From Dag og Tid reportasjebilder

Når landbruket i disse dagar, nærmare bestemt 130 år seinare, går harde tider i møte, skulle kanskje bøndene på Viksdalen ta rådet frå kjøpmannen på Dreggen på alvor og satse på bjørneoppdrett. Kiloprisen er jo ganske astronomisk.

Dei 84 kiloa med kjøt frå bjørnen som vart skoten 15.juni 2008, på Veslebreen i Sogndal kommune, vart lagt ut på auksjon og selt for 45 000 kroner. Dei sa ingenting om det var med eller uten moms.

Det er mange som kjem med alle slags løysingar på korleis norsk landbruk skal klare seg. Rådet om bjørneoppdrett bør ein kanskje tenke særdeles nøye gjennom før ein eventuelt i det heile tatt tenker på å gjennomføre det. Løysingane som er verdt å velge, er det heller ikkje sikkert at vi i det heile tatt har tenkt på enda.

From Dag og Tid reportasjebilder

Mange gonger har eg spurt meg sjølv om dei som går i rette med norsk landbruk har andre interesser enn eigeninteresser. Kva med nasjonale interesser? Kva med bøndenes interesser? Kva med interesse for Norges rolle og ansvar i produksjonen av mat globalt? Vi går inn i uvisse tider. Vi kjenner ikkje kva som vil bli konsekvensane av klimaendringane. Vi veit ikkje kor dramastisk matmangelen kan bli, men vi veit at det kan bli fatalt om dei verste scenaria frå Fns klimapanel slår til. Det verste er at dei verste scenaria er like sannsynlige som dei mildaste.

Likevel sit Grunerløkka- SV i mitt nabolag i Oslo og veit best for dykk her på Viksdalen.

Det hadde ikkje forundra meg om dei hadde kome med forslag om salg av konsesjonsbelagt økologisk bjørnekjøt, men kun frå bjørn skoten med pil og boge i tidsrommet mellom to og tre på ettermiddagen.

Bjørnen er som kjent eit nattdyr.

Virkeligheten ser ofte ut til å vere langt borte, for sjølv om eg synest det var spennande å lage reportasje frå Viksdalen og bjørnen som slo til her, er det ingen tvil om at bjørn ikkje har noko å gjere i områder med husdyr. Det er uansvarlig forvaltning frå myndighetenes side.

Kurt Oddekalv høyrer heller ikkje heime i områder med husdyr, eller i områder med fisk for den del. Eg har mange gonger spurt meg sjølv kva rolle Kurt Oddekalv spelar i forvaltninga av norsk landbruk, sånn bortsett frå at han likar å gå amok i avisene. Han foreslo blant anna at Sogn og Fjordane var 69 prosent eigna for ulv. Forstå det den som vil. Min konklusjon er at Sogn og Fjordane er null prosent eigna for Kurt Oddekalv. Eg trengte ikkje ein gong kalkulator for å kome fram til dette resultatet.

Av og til tenker eg at avstanden for Oslo til bygda er lang. Eg jobbar på Grønland midt i det Oslo-baserte pressemiljøet til dagleg og sluttar aldri å forundre meg over korleis folk i byen avskriv virkeligheten til folk på bygda. Det provoserar meg.

Og i avisene ser tidvis mitt heimfylke Sogn og Fjordane ut som ei slagmark for nasjonale interesser og såkalla naturvernarar som aldri har vore her. Likevel er eg SKEPTISK TIL Liv Signe Navarsetes motmaktmøter og motmaktstrategi.

Å vise verda, eller Norge, kvifor Sogn og Fjordane er ein bra stad, er fylkets eige ansvar. Dette ansvaret må ein ikkje legge over på sentralmakt gjennom motmakt- og overkøyringsretorikk.

Kvifor skal Oslo-makta igjen få makt til å definere oss? Kvifor skal vi gi dei enda meir makt ved å fortelle dei at vi er overkøyrdt?

Ein må finne sin eigen ståstad. Vi vil her ha det slik som vi vil ha det. Vi må heve fana og gå for det vi kan stå for. Eigenart og sjølvtillit er to stikkord her.

Korleis skal ein ivareta området, kulturarven og mulighetene her i Sogn og Fjordane? Korleis vil ein gjere det for at Sogn og Fjordane fortsatt skal vere ein stad vi kan bu om hundre år?

Distrikta må ikkje innta ein offerposisjon. Distrikta må innta ein offensiv strategi som signaliserer framtidstru og optimisme. Eg trur det er den einaste vegen å gå.

Norge har alltid vore eit land med grisgrendt befolkning og små og få byar. Vi nordmenn er få, og det som opp gjennom historia har vore det tradisjonelle Norge, distrikta, må finne si rolle i den nye samfunnsutviklinga.

Dette er ein krevande prosess. Det er sterke krefter som kjempar mot utvikling i distrikts-Norge.

I Firda 2. oktober las vi at Naturvernforbundets lokallag i fjordfylket er så blakke at dei vurderer å legge ned. På same tid er 44 vasskraftutbyggingar og 12 planlagde vindkraftverk under behandling.

Eg tok meg i å tenke at tidspunktet for nedlegging var perfekt, og på internett gjekk gladmeldinga. «La dei bli blåst vekk av rotorblad med 127 meters diameter!» Ikkje meir bråk frå den kanten mot verdas største vindmøller på Lutelandet i Ytre Fjaler.

Ja til vindmøller på Lutelandet!

Og kvifor vart vi så glade over at desse naturens vener muligens forsvann?

Fordi dei framstår som bremser for naturbasert og rein vekst og utvikling lokalt.

Bønder i Sogn og Fjordane har unike muligheter i verdensamanheng til å produsere rein mat. Vi har vind. Vi kan produsere rein kraft. Framtida er ikkje oljebasert. Den er basert på andre energikilder, og vi vil trenge mat. Ein bør kjempe for retten til å produsere reint og naturbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane. Alternativet er industrialisert lammekjøt frå New Zealand. Å seie ja til ulv i Sogn og Fjordane, eit fylke godt eigna for sauehald og produksjon av naturnær mat, er å seie ja til import av industrialisert sau frå eit alt anna enn naturnært og berekraftig landbruk. Mat og energi er internasjonale handelsvarer. Ein kan ikkje argumentere utanfor konteksten av eit internasjonalt marked. Kva er alternativet til rein energi og utmarksbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane? Dette er viktige problemstillingar å ta opp på ein dag som denne. Kvifor sende vi våre menn til Eidsvoll i 1814?

Kva i alle dagar hadde dei sagt om dei hadde høyrt at Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv?

Sogn og Fjordane si rolle kan vere eit levande samfunn som eksisterer i nær kontakt med naturen.

EIN KAN SPØRJE SEG: Kvifor slost naturvernar som Oddekalv og Naturvernforbundet mot ei berekraftig utvikling? Trur dei verkeleg at Sogn og Fjordane kan eksistere som ein verna koloni for smale naturvernfilosofisk grunngjevne interesser?

Eg trur svaret er nei. Argumentet frå turistnæringa om at vindmøller skjemmer naturen, held heller ikkje. Det viser seg tvert i mot at turistar ikkje bryr seg om vindmøller.

Natur og mat er noko vi alle konsumerer. Alle har eigarskap til mat og natur og kan ergo meine det dei vil, men ikkje alle har vore inn i ein fjøs i USA. Der har eg vore. Der blir kyr som ikkje kan gå, lempa ut av fjøsen på gaffeltruck i levande live, dumpa inn i lastebilar og slept ut igjen.

Dei blir haldne i live som levande skjellett med samanbundne føter liggande strekk ut på golvet slik at ein skal kunne få dei ti kronene ein får når tilbakehaldingstida på kjøtet etter veterinærbehandling har gått ut. Eg har sett levande kuskjellett med hud på. Det var ikkje eit pent syn. Slik går det når landbruk blir reinspikka industri.

Slik vil vi ikkje ha det i Norge.

Difor må norsk landbruk sjåast i ein større samanheng enn ein vandrande ulvs rett til livet. Er ein vandrande ulvar verdt meir enn tusenvis av sauer og kyr sin eigenverdi? Det er dette spørsmålet ein må stille seg. Er vi villige til å importere industrisau frå New Zealand for å kunne ha rovdyr i distrikts-Norge? Eg skal ikkje idag fortelle dåke korleis lam blir produsert på New Zealand. Men ein ting er sikkert, om eg fortalte det hadde de alle som ein blitt sauebønder her på Viksdalen. På same måte som kvigene som blei sett inn i fjøsen før kalving i USA fekk ein gummistrikk rundt halerota slik at halen skulle dette av (ei ku utan hale held seg nemlig reinare enn ei ku med hale), får veirlam på New Zealand eit gummistrikk rundt sine edlare delar. Det seier seg sjølv at dette ikkje er bra. Etter nokre veker dett halen av på kyrne. Det ligg inntørka halar over alt. Etter nokre veker dett også bjellene av på veirlamma.

Det er ikkje tull når vi seier at norsk landbruk er reint.

From Dag og Tid reportasjebilder

Men dette veit ikkje alle.

“Røttene til den norske befolkningen er i stadig større grad i ferd med å urbaniseres. En stadig mindre del av befolkningen er født på landet, og stadig færre kan komme til å ha slekt og kontakt med folk utenfor byene.” Dette sa Kjetil Sørlie, forsker ved Norsk institutt for by- og regionsforskning.

Alt no er det teikn til at ungdommen ikkje forstår bakgrunnen for landbruksoverføringane, sa Sørlie og vidare: «Den geografiske utjevningen av forskjeller vi i noen generasjoner har hatt, kan komme til å stoppe opp dersom det blir mindre flytting mellom regionane. Om så skjer, forsvinn legitimiteten for interessene til bygda.»

Bygda og distriks-Norge må stå opp for seg sjølv.

Eg trur også det er tid for at bønder samarbeider. Idag står økobønder mot konvensjonelle bønder. Øikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, angrip konvensjonelle bønder, småbrukarlaget slost mot bondelaget. Skal ein overleve, må alle gode krefter forenast. Det er ingen kven som helst ein slost mot. Det er ikkje berre den norske stat, men også internasjonal storkapital og marknadskrefter.

Økofolket med Oikos i spissen, kjempar for å oppretthalde eit kunstig skille mellom økologisk og konvensjonelt, sjølv om skilnadane mellom enkeltprodusentar innanfor dei to segmenta er større enn mellom dei to i heilheit. Dette tapar landbruket på.

From Dag og Tid reportasjebilder

Oikos formidlar informasjon som framstiller alt ved økologisk produksjon i eit mest mulig gunstig lys, samtidig som at dei einsidig formidla informasjon av negativ karakter for annan type produksjon. Det er grunn til å spørre seg om Oikos er blitt en spydspiss mot norsk landbruk – på sikt også mot sine eigne produsentar.

“En strategi for næringsutvikling i landbruket må ta utgangspunkt i, og forsterke de unike kvalitetene norsk landbruk representerer. Dette er for eksempel et aktivt småskalalandbruk over hele landet, matproduksjon langt mot nord og høyt til fjells, lokale mattradisjoner og matkultur, et vakkert kulturlandskap og store utmarksarealer”.

Det er signert Terje Riis Johansen, Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling 2007-2009.

Men fordi det er så mange konflikter innad i landbruket, får ein debattar om korvidt Biola kan heite Biola eller ikkje heller enn ei samla landbruksnærings som står ilag og kjempar for mat på naturens premiss, bønders arbeidsforhold, dyrevelferd og strukturelle problem.

Ein må heilt til fjøsdøra, gjerne innanfor, for å avsløre at forskjellen mellom småskala og storskala landbruk, konvensjonelt og økologisk, i Norge er konstruert. Norsk landbruk er småskala. Dei som påstår noko anna bør ta seg ein tur til utlandet. Eg skal bli med som guide.

Vi kan begynne med å dra til min praksisfarm i Wisconsin. Der stod 2 500 melkekyr. Dette er ein av verdas fremste forskningsfarmar på melkekyr. 80 prosent av kyrne hadde ketose. Kyrne blei inseminsert kanskje ti gonger før dei tok kalv, dei melka to år i strekk, og kvar tiande dag vart dei sprøyta med Posilac, som er eit melkehormon. Det var eg som måtte sette dei sprøytene. Når kyrne skulle til melkegrava vart dei pressa framover av eit strømførande gjerde. Det var meksikanarar som arbeidde i fjøsane. Dei budde i campingvogner utanfor fjøsdøra og jobba tolvtimarsskift. Dei fleste hadde ikkje legitimasjon og når passkontrollen kom på besøk, var dei vekk, alle som ein. Dei hadde gøymt seg.

Amerikanarar arbeider ikkje i fjøs i USA lenger.

Norsk landbruk er småskala og naturbasert. Lat oss få behalde norsk landbruk.

From Dag og Tid reportasjebilder

Vestlandsk landbruk er viktig i ein global sammenheng. Kvifor det er viktig at vi opprettheld matproduksjon nettopp på stadar som Viksdalen. Ein må sjå utover Viksdalsvatnet og utvide horisonten.

Smått, bratt og tungdrive blir trekt fram som norsk landbruks eigenart. Ein seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å drive desse små gardane, korleis staten let folk «oppretthalde kulturlandskapet» i kompensasjon for slavelønn eller kor mange odelsetterkomarar av bønder som tviheld på slektsfarmar som fjellhytter, og på denne måten bidreg til avfolking av utkanstrøk.

Christian Rekkedal seier i Firda 29.april at dei fleste fornuftige huseigarar vil selge ein leilighet som står til nedfalls. Samanlikninga er ikkje så god når vi veit kor låge prisane har vore på landbrukseigedomar. Mange vil ikkje selge livsverket sitt til dumpingpris. Difor blir det for enkelt å snakke om “slekt” og “ein kvar fornuftig huseigar”.

Mange kjøparar har fint råd til å betale langt meir enn det mange av eigedomane, som Rekkedal omtaler som nedfalne, går for idag, men dette blir ikkje nevnt. Tørr ikkje Rekkedal gå i rette med fordommane som finst mot landbruket?

Kanskje, om norsk landbruk blir ansett som ei næring med høgare verdi, ville ein også kunne kreve høgare salgsprisar. Då ville kanskje også fleire føle seg lokka til å selge, fleire kunne kanskje også tenke seg å jobbe i landbruket om dei fekk skikkelig løn. Prisen på eigedomar og løn for arbeid går hand i hand. Det kunne blitt lys i fleire hus. Men skal ein få dette til, må ein heve bøndenes status.

Ein bør diskutere dei strukturelle problema som ligg til grunn for at “bønder syt” og at “hus står tomme”. Å satse på landbruk i dag, “krev mot”.

Ein treng bønder med guts.

From Dag og Tid reportasjebilder

Oskeskya frå Eyjafjallajökull har vist at vi har lite å stille opp med når naturkreftene slår til. Har vi tenke over kva dette vil gjere med våre matlager? Sit vi fortsatt og tenker at vi kan berre kjøpe maten vår inn? Ser vi konsekvensane som kan kome om klimaendringane slår til? Har vi matlager? Kor lenge har vi mat her i landet om det skal skje dramatiske ting

Oljen brenn i Mexico. Askeskya innstiller alle flyavgangar på null komma niks. Det handler om våre levevilkår og vår sikkerhet. Treng vi ikkje å dyrke vår eigen mat? Nokon må våge å dyrke vår mat her.

Dette er kanskje tungt stoff å ta stilling til på ein dag som 17.mai, men eg trur dette er spørsmål som stadar som Viksdalen må ta stilling til. Kva skal de vere i framtida? De har alle kvalitetar. Spørsmålet er korleis ein skal forvalte dei i møte med framtida.

Lykke til og takk for at eg fekk komme.

Les mi 17.mai-tale frå Førde og frå Haukedalen 2010. Dei ligg her

alle foto: Anne Viken, all rights reserved.

Udyra kjem - reportasje om bjørnen som slo til i Sunnfjord

*Kvart år slår dei til på nye stadar, og ei aukande mengd streifdyr vil framover innta rovdyrfrie områder. Det er eit drama i fleire akter.
*

Anne Viken (tekst og foto) saka har vore publisert i Dag og Tid høsten 2008, og er laga sommaren 2008.
Min blogg

VIKSDALEN:Elva Gaula kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. I Sunnfjord har dei kjempa mot det sogene omtalar som «udyr» i århundrer, lenge sa statistikken at udyra var borte, men det er ikkje lenger fritt for «udyr» i skogane på Vestlandet. Streifdyr kjem inn frå dei aukande svenske og russisk-finske bestandane av bjørn, og med jevne mellomrom slår dei til, skaper store mediaoppslag og skremmer den lite rovdyrvande befolkninga tilsynelatande frå sans og samling.

1.juni 2008, 124 år etter at den siste bjørnen vart jaga frå Viksdalen i Sunnfjord, kjende ein igjen lukta av bjørnedrepen sau som rotna i sommarvarmen. Media strøymde til, og i si jakt på enkelt stoff som kan skrivast med store bokstavar, peisa lokalmedia ut den eine bjørnesaka etter den andre.

Bjørnens framferd blei frå første dag ein følgjetong i Firda og på NRK. Bamsen er eit medievennleg og tabloid dyr som ikkje prøver å skjule spor, og sakene vart feid ut like fort som bjørnen luska over myrane.

<2> Jakta på damer

<4>Bjørnen er ein vandrande hannbjørn, seier dei i media. I si jakt på ledige damer, trefte han på fleire sauer på Hetle i Råheimsdalen og slo til. For bjørnen er ingen vegetarianar slik mange let til å tru. Han er som oss andre og et det beste han kjem over. Bamsen treng protein, og om proteinkjelda kjøt er tilgjengeleg nøyer ikkje bamsen seg med maur.

Den eine søya kom heim med sundriven buk. Veterinæren lappa henne saman, og bygdefolket kjende uhyggja krype nedover ryggen då sau etter sau vart funnen daud i den stupbratte lia.

Viksdalen ligg ein snartur over Gaularfjellet frå Vetlefjorden i Sogn, ei innlandsbygd forbunde med kommunesenteret Sande via ein smal veg som slynger seg langs vatnet. Inst ved vatnet, ved inngangen til Eldalsdalen, ligg Osabua. Her serverer dei hamburgar som gir vatn i munnen, og fruktdrinken Viksdalen Hawaii.

— Kjenner du til korleis det går med bjørnejakta? spør ein kar ein annan i skuggen utanfor bua.

Viksdalsvatnet ligg spelande blankt framfor meg, og eg kjem i hug soga om karen som kvelva bakstekaret over seg til vern mot flokken av gråbein som følgde etter hest og slede. Manns minne rekk mange generasjonar tilbake i tid, og enno kan pensjonistane her hugse kva beste- og oldeforeldre fortalde for sytti år sidan om bjørnejakt 150 år tilbake i tid. Det er ikkje rart sogene omtalar rovdyra som «udyr», og at folk enno fryktar bjørnen. Minna om bjørnen på stølen lever enno sjølv om bjørnen ikkje lenger ynglar i liene.

Det er uansett ikkje snakk om ein ”norske bestand av bjørn” slik mange bjørnevener likar å tru eller uttrykke det, men dei fleste av bjørnedebattens deltakarar veit like lite om bjørnens utbreiing og økologi som bjørnen veit om overskriftene den skaper. Det er vedteke at bjørnen ikkje skal ha yngelområde i Sogn og Fjordane, og ein treng ikkje vere rovdyrmotstandar sjølv om ein er tilhengar av ei kunnskapsbasert viltforvaltning.

<2>Fellingsløyve utsteda

<4> Utanfor biblioteket i Vikja sit gamlekarane. Fleire er gamle sauebøndene. I kafédøra står bonde og taxisjåfør Leif Hetle. Det var han som miste sauer til bjørnen, men no er han på jobb og forsvinn opp gjennom dalane med ei taxilast pensjonistar på veg heim frå vekas onsdagskafé. Når eg spør gamlekarane om bjørnen, fortel dei om maurtuene som vart jevna med jorda to år tilbake i tid, men har ikkje lyst til å ha namnet sitt i avisa. Det vert spekulert i kor mange bjørnar som har kome til området, og mange trur det er fleire enn ein.

— Spring inn på biblioteket og hent sogene, seier ein av karane til bibliotekarvikar og sauebonde Atle Oppedal (27). Oppedal forsvinn inn døra bak sofaen, og kjem tilbake med bygdebok for Gaular og fleire hefter med rovdyrsoger. Karane blar, les og peikar.

Siste bjørnejaget i Gaular kommune fann stad hausten 1884. Bjørnen vart oppdaga i Haukedalen og vart derifrå jaga over til Eldalsdalen, men då jegeren Johan Mjellsholtane kom rett på bamsen, svikta motet og bamsen la i veg. Trass i fleire skot, kulene trefte oppover bergufsene så snøspruten stod høgt til vers, kom bjørnen seg over til Sogn der den vart skoten like før helgemesse same året. Slik gjekk det til siste gongen viksdølene jaga bamsen.

Blikk blir veksla før karane bryt opp. Nokre går for å tippe Lotto. Det ryktes at ein labb av den siste offisielt felte bjørnen i Sogn og Fjordane befinn seg på Byrkjelo. Men kven veit om det var den siste. Sogn og Fjordane er ikkje yngleområde for store rovdyr. Her er det husdyrhaldet som har førsteprioriter, og no er det utsteda fellingsløyve på bamsen som har drepe fem sauer i den ulendte utmarka på Hetle.

— Det er vel berre eit av dei store rovdyra som ikkje har teke sau her siste åra, og det er ulv, seier Oppedal.

Han sit framfor pc-en på biblioteket og følgjer debatten om bjørn på NRK. Heime har han 90 sauebeist og 7,5 årskyr.

I 2006 drap bjørnen sau i Jostedalen og Fjærland, men ingen såg bjørnen på Viksdalen. Dei såg berre maurtuene som var jevna med jorda.

— Klart eg tenker på at her er bjørn, men eit rovdyr skal gjere mykje skade her før det offisielt er eit stort rovdyr i området. Det er det som er mest frustrerande. Når ein bonde seier at han har sett ein bjørn, kjem eit følgje av byråkratar og seier at det kan ikkje vere tilfelle. Dei trur ikkje på deg. Ser ein spor, vert det bortforklart, seier Oppdal oppgitt.

I tillegg kjem vankunna i rovdyrdebatten, og fokuset på bøndene som dei store skurkane, som om det er bøndene som har bestemt at fylket ikkje er yngleområde.

<2> Et mest sau

<4> Vinden ruskar i trea bak gjerdet på Hetle der den samanlappa sauen står saman med ein flokk morlause lam, rett ved den attgrodde lia der bratte stiar snirklar seg mot Hetlestølen der hannbjørnen har slått over ende fleire sauer. For medan unge binner blir hos mor si i grensetraktene, kan ein ung hannbjørn lett vandre femti mil på ein sommar, men sjølv om her kjem vandrande hannar, ville det tatt svært lang tid å få binner til å etablere seg naturleg i Sogn og Fjordane. Bjørnefronten flyttar seg sakte innover i Noreg frå aust, og sidan fylket per dags dato ikkje er definert som yngleområde for bjørn, er det heller ikkje aktuelt å late bestandane etablere seg her.

— I Noreg er sauen bjørnens viktigaste proteinkjelde. På andreplass kjem maur og elgkalvar. Men sjølv om uvakta sau er eit lett bytte, skal det ikkje vere bjørn i Sogn og Fjordane. Bøndene her skal eigentleg ikkje trenge å forsvare sauene sine mot bjørnen. Forvaltninga har bestemt at det skal berre vere bjørn i grensetraktene, og ikkje ynglande bestandar på Vestlandet, seier professor Jon E. Swenson, leiar for Det skandinaviske bjørneprosjektet.

Forskningsprosjektet Det skandinaviske bjørneprosjektet har konkludert med at den norske bjørnens diett i løpet av eit år består av 6-17 prosent bær og 65-87 prosent klauvdyr, då hovudsakleg sau. Ei samanlikning av bjørnebestandar i Europa konkluderte med at bestandane i nord konsumerer meir kjøt enn i syd. Ein har og funne ei klar, positiv kopling mellom andel kjøt i dietten og hoas kroppsstørrelse og antal ungar. Dette kan vere med å forklare den høge tilveksten i den skandinaviske bestanden.

— Hannbjørnen kan vandre over store områder på leit etter binner. Nokre gonger kjem desse hannane tilbake til grensetraktene, men dette får vi ikkje forska så mykje på sidan bjørnane gjer så mykje skade under vandringane i Noreg at dei oftast vert felt, seier Swenson som påpeikar at å felle enkeltbjørnar ikkje har betydning for den totale bestanden av bjørn sidan dei ikkje inngår i avlen.

Han seier streifdyra vil bli vanlegare og vanlegare når bestandane aukar. Både den svenske og russisk-finske bestanden av bjørn har utløparar til Noreg, men om ein sette opp eit gjerde langs norskegrensa, ville bjørnane som lever på norsk jord, isolert sett ikkje utgjere nokon levedyktig bestand.

<2> Ikkje redd eller sint

<4> Tjukke skiver med spekekjøt ligg på tallerken. Leif Hetle har matpause heime på altanen mellom pensjonisttaxikøyring frå onsdagskafeen og skuleruta.

— Firda har vore her, Bergens Tidende, NRK Vestlandsrevyen og radioen.

Det første kadaver fann dei i utmarka 2,5 kilometer frå garden.

— Om det var stygt? Ja, det kan eg love deg. Det er feittet på sauen og juret bjørnen skal ha tak i, og så bit han rundt nasen på dyret. Vi flådde hovudet på daude sauer og då var beina i nasen knust. Eg har mist lam før, men dette er ti gonger verre, seier han.

Seks sauer er daude, ein er skadd. Til saman slepte Hetle 68 lam og 45 vaksen på fjellet.

— Om vi kan bevise at det var freda rovdyr som drap sauene, får vi erstatning, men om dette fortset, er det berre ein ting å gjere: avvikle. No er vi berre to gardar her på Hetle, då eg vaks opp, var her seks, seier han.

— Er du redd eller sint?

— Det er ikkje vitsi, seier han før han fyk avstad i Viksdalen Taxi til Viksdalen skule og skuleborna.

<2> Selde bjørnekjøtet

<4>— Det bryr meg ikkje i det heile tatt med bjørn. Om ein oppfører seg på rett måte, er ikkje bjørnen farleg.

Hege Tjønneland (29) sit på plastbenken utanfor Jokerbutikken saman med borna og drikk Pepsi. Ho fnyser av folk som blir skremt av bjørn, men etterkvart kjem det fram at ungane ikkje lenger får lov å gå til fiskevatnet aleine.

— Eg kik ein ekstra gong før eg går ut døra. Brått står den der, bjørnen. Vi bur i praksis midt i skogen, seier ho.

Ei veke har gått. Jaktlaget har enno ikkje klart å felle bjørnen, og lokalavisa Firda rapporterer jevnleg om spor og nye kadaver der bamsen labbar fram. Bibliotekar Svanhild Oppedal (62) leitar raskt fram sogene blant hyllemeterar med lokalhistorie.

— Bestefar min fortalde at den siste bjørnen vart skoten på fjellet mellom Oppedal og Høyanger, og at det hang eit stykke bjørnekjøt oppi bua. Det var ikkje akkurat bjørnekjøtet dei hadde lyst til å gå i bua for å skjere seg ei sneie av, og difor vart det hengjande så lenge at ein måtte kaste det.

Soga om den siste slagbjørnen, fortel at det vart felt tre bjørnar på Høyangerbeita oppå fjellet, to ungar og ei binne. Dei tre vart sende til Bergen der alt kjøtet gjekk til gode prisar. Ikkje fordi det var så godt, men fordi ein kunne skryte av «at i dag har vi hatt bjørnekjøt til middag». Kjøpmannen på Dreggen sende bod til Sunnfjord om at dei måtte skyte meir, for folk var interesserte i å kjøpe. Historia er ikkje datofesta, men er antakeleg frå 1880-åra.

Over hundre og tjue år seinare, 15.juni 2008, vart bjørnen som slo til på Hetle i Viksdalen skoten på Veslebreen i Sogndal kommune. Bjørnekjøtet frå 2008-bamsen vart lagt ut på auksjon til høgstbydande, og dei 84 kiloa bjørnekjøt selt for 45 000 kroner til ein lokal stand up komikar.